Slogenølet frå det vesle bryggeriet i Liabygda i Stranda får god plass i butikkane på Sunnmøre. Etterspørselen er stor både frå fastbuande og turistar.
Merkevarene frå dei små bryggeria har seld godt i sommar, og i Trollbryggeriet reknar med å nå ein rekordproduksjon på nesten 100 000 liter i 2014Det er lange tradisjonar med ølbrygging som gründerane bygg på.
– Vi kallar oss for habile heimebryggarar. Ein brygga i garasjen og eg heime i garasjen, seier dagleg leiar Jørund Ringset og forklarar at det er ei generell interesse for øl som er drivkrafta bak det heile.