tirsdag, 12 august 2014 18:52

Inviterer til mikrobryggerifestival 23 august 2014 Florø

Om knappe tre veker inviterer han til tidenes første smaksfestival i Florø. Festivalsjefen har latt seg inspirere av Gladmat i Stavanger og Smaken av Norge på TV2.

– Eg vart overraska over at det ikkje fanst ein festival for lokal mat og øl i fylket, seier festivalsjef Roger Bareksten.

Dette er veldig i tida, og det overraska meg veldig at det ikkje fanst liknande arrangement i fylket vårt, uttalar Bareksten til Firda Nett.
Planen er å servere smaken av Sogn og Fjordane, smaken av kysten og smaken av det gode liv, seier Bareksten.

Lokalølfestival

Utgangspunktet for festivalen var eigentleg lokal mat, men grunna den unike posisjonen Kinn bryggeri har fått i marknaden, har vi valt å fokusere på dette. No vert difor den viktigaste delen av festivalen dei etterkvart så kjende mikrobryggeria.

Då vi skjøna at vi hadde eit knippe av dei beste handverksbryggeria i landet rundt oss, måtte vi berre lage til ein lokalølfestival, seier Espen Lothe, bryggerimeister ved Kinn Bryggeri.

Mykje av grunnen til at vi gjer dette er at vi vil vise den store breidda og entusiasmen blant handverksbryggeria. Og når fleire av dei leiande bryggeria er lokalisert langs vestlandsfjordane, var det naturleg å samlast i Florø. Dette blir ein liten og intim ølfestival der du vil treffe bryggjarane og eigarane av bryggeria, uttalar Lothe.

40-50 ulike øl å velge mellom
Systemet blir slik som normen etter kvart har blitt på ølfestivaler: Du kjøper deg eit smaksglas og sjetongar som du bytter inn mot smaksprøver på 15 cl. Øllista vil ikkje bli publisert før ved festivalstart, men det vil bli minst 40-50 ulike øl å velje mellom.
Nokre øl er velkjende, andre er særeigne spesialitetar som det er vanskeleg å få tak i.
Bryggeria som blir med på festivalen er: Kinn Bryggeri frå Florø, Voss Bryggeri, Ægir Bryggeri frå Flåm, Trollbryggeriet frå Liabygda, 7 Fjell Bryggeri frå Bergen og Balder Brygg frå Hermansverk.

Florø sin nisje
I tillegg vil Smaksfestivalen også fokusere på lokal matproduksjon- og opplevingar. Gjennom heile Strandgata vil ein finne bodar med lokale matprodusentar som byr på både smaksprøver og salsvarer.
Der Førde har eit stort volum, har Florø snarare eit lokalt fokus som gjer oss unike. Dei siste åra har vi blitt flinkare til å få fram lokale nisjeprodukt, kommenterer festivalsjefen.

 

 

 

 

 

Tilleggsinformasjon

Lest 1213 ganger