søndag, 26 januar 2014 13:03

Årets øl-innovasjon frå Voss

– Denne prisen deler me med heile grenda her, ja, med heile Voss! Dag Jørgensen er strålande nøgd med at Voss Bryggeri har fått prisen Årets øl-innovasjon for sitt Vossa Pale Ale.

Sjølve har dei visst det i meir enn halvannan månad, men fordi TV2 skulle laga ein programserie på sju program der dei ulike vinnarane i Det Norske Måltid si kåring skulle presenterast, måtte alle dei fire ølbryggjarane på Norheim halda tann for tunge heilt til 29.desember før dei kunne sleppa den glade bodskapen.

Konkurrerte med 24

Årets øl-innovasjon er ei kåring der øl som er lanserte siste året kan delta. Bak prisen står bransjemagasinet Apéritif, Ølakademiet, Ølportalen og Norbygg. Alle desse fire aktørane har ein jurymedlem kvar, og elles er Trond Blindheim (rektor ved Markedshøgskolen), Steinar Killi (professor i industridesign ved Arkitektur- og Designhøgskolen) og Stein Øvre (grafisk designar i Creuna) med i juryen.

Alle dei norske bryggeria melde inn nye øltypar til kåringa, og Voss Bryggeri sin VPA konkurrerte med 24 andre nye ølsortar. Juryen vart ståande med 10 finalistar, og her møtte vossingane både Hansa, Ringnes, Nøgne Ø, Kinn, Søndre Mikrobryggeri og Lervig Aktiebryggeri.

– Me fekk eit hint frå juryen om at me hadde vunne og difor måtte vera til stades under kåringa i Stavanger 15. november. Elles hadde me nok ikkje reist nedover, seier Jon Gjerde. Det var han og Jeanette Lillås som tok mot prisen.

At kåringa er lagt til Stavanger skuldast at Næringsforeningen i Stavanger no er åleinearrangør av kåringane under Det Norske Måltid, etter at medeigaren Stiftelsen Norsk Matkultur gjekk konkurs tidlegare i år. Det vert kåra vinnarar i «Årets kjøtt», «Årets meieriprodukt», «Årets fisk og sjømat», «COOP-prisen» og altså «Årets øl-innovasjon».

Ekte vossatradisjon

Ingen kunne måla seg med ølet frå Voss Bryggeri. Smak, design, emballasje og etikett, vekstpotensiale, nytteverdi, originalitet og nytenking er kriteria juryen skal vurdera når dei gjer sitt endelege val. Juryen uttalte mellom anna fylgjande om vinnaren: «Årets øl-innovasjon 2013 er et norskbrygget øl som alle ølglade har ventet på. I produksjonen har man kombinert urgamle norske øltradisjoner med moderne bryggeteknikker.

Ølet er brygget etter arven frå det unike hjemmebryggermiljøet med tydelig einerpreg og røkt smak. Årets øl-innovasjon er brygget i ekte vossa-tradisjon, der betydelige mengder einerlog er brukt i ølet».

– Det finst ikkje så mange øl som byggjer på norske øltradisjonar. Det er helst belgiske, engelske, amerikanske og tyske, seier Jeanette Lillås.

Juryen konkluderer vidare med at vinnarølet er «et solid, innovativt og godt håndverk», at det med sine 6,5 prosent alkohol er «litt svakere enn tradisjonen på Voss», men at dette gjer det drikkevenleg og allsidig, og med «svært gode egenskaper på matbordet».

Ølbryggjarane på Norheim er særdeles godt nøgde med at dei får prisen for det ølet dei kanskje har jobba aller mest med å utvikla, det ølet som byggjer mest på dei lokale øltradisjonane.

– Då me tok imot prisen, takka eg dei generasjonane av ølbryggjarar frå Voss som har vidareformidla kunnskapen som ligg til grunn for prisen, seier Jon Gjerde.

Dobling

Prisen vil utan tvil føra til auka etterspurnad for dei fire ølbryggjarane på Norheim. Det høver godt inn i strategien dei alt hadde lagt før dei visste om kåringa. I sitt fyrste produksjonsår har dei laga nærare 30.000 liter øl. Mot slutten av 2014 reknar dei med å koma opp i rundt 60.000 liter, og med ei ny dobling i 2015 tek dei i alle fall litt høgde for auka etterspurnad.

Det er ikkje billeg å driva med godt handverk, og ølbryggjarane på Norheim er klare på at nøktern vekst er vegen å gå. Til no har dei produsert 14 ulike øltypar, nokre av desse laga berre ein gong for spesielle arrangement. Men Vossa Pale Ale kjem dei nok til å produsera fleire gonger!

Nils Kvamsda

 

Tilleggsinformasjon

Lest 1131 ganger