onsdag, 09 oktober 2013 00:00

Meir øl frå nytt bryggeri

Meir øl frå nytt bryggeri
Trollbryggeriet i Liabygda skal tredoble produksjonen i nye lokale.

 

fleire tilsette og mykje meir øl. Det er planane til Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda.

 – I dag har vi kapasitet til å produsere 80.000 liter i året. Med det nye bryggeriet vi skal investere i kan vi derimot lage nærare 300.000 liter.

Det fortel Kjartan Lied, styreleiar i Trollbryggeriet, som han eig saman med Jørund Ringset.

Dei to starta opp med sitt vesle bryggeri på hobbybasis i 2009.

Studietur

Karane drog det året på studietur til eit lite bryggeri i Drammen, og kom heim igjen med eit nesten komplett bryggeri.
Sidan har det heile vakka på seg, og i år reknar bryggeriet Liabygda med å selje 70.000 liter øl, og sitje igjen med eit fint overskot, som dei sjølv kallar det. Men no satsar dei altså mykje meir.

– Vi har i sommar vore og sett på komplette bryggeri i Italia, Slovakia og Tyskland. Vi har ikkje bestemt oss enno for kven vi skal handle hos enno, men kjem til å gjere det i løpet av denne månaden, seier Lied.

Dei skal også byggje ut anlegget i Liabygda, med ein ny etasje på 240 kvadratmeter, som skal huse det nye bryggeriet. Byggjesøknaden er no inne hos kommunen.

I tillegg til bryggeriet blir det skipa eit eigedomsselskap i regi av Kjartan Lied. Kona Anne Kristin Lied står for eit tredje selskap, Trollstua, som skal stå for omvising og servering.

– Vi kjem til å satse meir på omvising – og etter kvart servering av lokal mat. Det kan vere aktuelt både for grupper frå næringslivet og for turistgrupper, seier Lied.

Fleire tilsette

Større produksjon gjer også at bryggeriet må ha fleire tilsette. I dag er det eit og eit halvt årsverk her.

– Vi reknar med å trenge tre-fire årsverk, fortel Kjartan Lied.

– Stranda er ein næringsmiddelkommune – noko bryggeriet også er eit bevis på. Og det er ekstra flott at vi klarer å skape nokre arbeidsplassar i Liabygda, meiner Lied.

I dag brygger dei fire typar øl til 4,7 prosents styrke. Men snart kjem det også eit sterkare øl på 6,3 prosent som skal seljast hos Vinmonopolet

I dag sel Trollbryggeriet mesteparten av ølet sitt i daglegvarebutikkar på Sunnmøre. Men dei har det også i Romsdal, Nordfjord og Oslo. Og etter kvart vil salsområdet bli utvida.

 

Tilleggsinformasjon

Lest 6013 ganger