tirsdag, 17 februar 2015 00:00

Kvaliteten må ligge i botn

Kinn Bryggeri i Florø har vore ein kjempesuksess. Veksten er formidabel og på over 100 prosent sidan i fjor. For fem år sidan var han åleine då han leverte sitt første øl til Hjørnevikbua pub.

I dag leverer kulturprisvinnaren det største handverksølet på vinmonopolet, har hatt ei rekke prisar for produkta han lagar både av fagjuryar og publikum og til påske er det 12 tilsette på bryggeriet i Havikbotn.

Mottakinga av ølet lokalt er også noko han gler seg over. For folk i Florø er stolte over florøbryggeriet. 

Så vi møtte Lothe på bryggeriet og stilte følgande spørsmål:

– Vil denne eksplosive utviklinga gå ut over kvaliteten? 

 – Må halde fokus

– Det er klart at vi må halde tunga beint i munnen. Det er veldig lett med ei slik utvikling at vi mister fokus og at vi ikkje følger tilstrekkeleg med. Men vi har kontroll altså, seier han og smiler. 

Han reknar med at dei kjem til å vekse også i år og neste år, men å bli så mykje større enn dei er i dag meiner han ikkje nødvendigvis er føremålstenleg. For Lothe veit kvifor dei har vekse.

 Det handlar om kvalitet i botn og om tida då han starta opp.

– Det er tøffare å komme inn på marknaden i dag. I 2009 var det få aktørar og stor etterspurnad. Då fekk vi mykje gratis. I dag har vi vunne ein del anbod hos Vinmonopolet som gjer at vi har komme inn i basisutvalet, og ein del av produkta våre har gjort det så godt i bestillingsutvalet har dei har komme inn som fast basisvare, seier han. I tillegg har dei no fleire produkt for daglegvarehandelen, og det er her vekstpotensialet ligg.

Han er også klar på at det finnast eit tak for kor mange øl dei skal brygge, for han er klar på at dei kan ikkje brygge for mange. 

Går ut

– Manna og Spesial for daglegvare og sterkvariantane Ivar Aasen, Presteson og Svartekunst kjem til å gå ut. I alle tilfelle tek vi ein pause frå dei. Men vi kjem med nye øl, seier han. Målet då er å lage øl folk likar, ikkje øl for nerdane. Det er ikkje noko mål å vere eit hipster-bryggeri for alt i verda, sjølv om merkenamnet Kinn har fenga mange av dei.

Nyheiter

Humlehaud som blir ein lettvariant av Vestkyst kjem inn. "Humlehaud" følger Kinn sin tydlege tradisjon på namn. Hos Kinn heiter IPA (Indian Pale Ale) India øl.

Humlehaud er ei direkte oversetting av Hipster-uttrykket "Hop-Head" som viser til dei som er overentusiastiske for øl med sterkt humleuttrykk. Vestkyst er eit slikt øl, og Vestkyst er også ølet Kinn bryggeri sel mest av. På den limegrøne etiketten er det bilde av ein humleblomst med turban og solbriller.  

Bresjnev som er ein såkalla Sovjet-staut skal erstatte Svartekunst og det kjem også inn eit nytt påskeøl. Og til sommaren kjem Kinn med sin eigen pils. 

 "Målet vårt er å lage øl som folk likar, ikkje øl for nerdane. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å vere eit hipster-bryggeri, sjølv om merkenamnet har fenga mange av dei." 

Espen Lothe

Bryggerimeister

 

 

Tilleggsinformasjon

Lest 1291 ganger