tirsdag, 30 desember 2014 00:00

Same ølet?

Same ølet?
Voss Bryggeri tykkjer det er uheldig at Vossakjøt sitt nye øl «Staut Vossing» er til forveksling lik ølet som dei laga i samarbeid tidlegare i haust.

 

- Det er mange kundar som trur at dette er vårt øl fordi etikettane er så like, seier Jon Gjerde frå Voss Bryggeri.

- Dette er veldig uheldig, og eg tykkjer at merkinga på flaska er villeiande, seier Jon Gjerde frå Voss Bryggeri.

Tidlegare øl-samarbeid
Flaska Gjerde refererer til inneheld det nye ølet til Vossakjøt - «Staut Vossing». Tidlegare i haust hadde Vossakjøt og Voss Bryggeri eit samarbeid, der Voss Bryggeri produserte 1000 flaskar øl for Vossakjøt - også kalla Staut Vossing. Ølet er ikkje lenger i sal, då det var «limited edition».

- Namnet var det me som kom med, og ølet skulle lagast slik at det passa med spekematen til Vossakjøt. Det var laga med lokale råvarer som kveik frå Dyrvedalen, og det var eit øl me var stolte av, seier Gjerde.

Vossakjøt var interessert i meir av produktet, men Gjerde seier at Voss Bryggeri ikkje hadde kapasitet til å fortsetja samarbeidet.

- Me må tappa manuelt på flasker, og derfor sa me nei takk til å fortsetja å produsera for dei. Me satsar på øl på fat, seier han.

For lik etikett
For nokre veker sidan kom det nye ølet til Vossakjøt i butikkane. Gjerde seier at han tykkjer at den nye flaska er til forveksling lik den dei laga saman i haust.

- Etiketten er nesten heilt den same, og dei har òg bruka det same namnet. Me har ikkje noko rettigheiter til namnet, men eg tykkjer likevel at dette er villeiande merking. Me visste ingenting om dette før ølet plutseleg var i butikken, og det var litt spesielt, seier han.

Gjerde reagerer òg på at det nye ølet er merka med «Vossabrygg» - noko han meiner lett kan forvekslast med Voss Bryggeri. Ølet er heller ikkje brygga på Voss, men hjå Ægir i Flåm.

- Berre dagen etter ølet kom i butikken får me kundar opp hjå oss som vil kjøpa Staut Vossing. Dei går rett og slett ut i frå at det er vår øl. Det seier jo sitt, seier han.

- Me er på trygg grunn
Styreleiar i Vossakjøt, Willy Roger Jacobsen, seier at dei ikkje er einige i at flaskene er for like.

- Det er ingen grunn til å tru at dette ølet er laga av Voss Bryggeri, det kan eg ikkje forstå. Det står ingenting om det på flaska, berre at det er produsert for Vossakjøt. Me har rett til å bruka namnet «Staut Vossing» og det var me som laga etikettane på ølet tidlegare i haust under samarbeidet. Me har endra etiketten, både farga og «storyen» bak. Derfor er me på trygg grunn her, seier Jacobsen.

Han meiner òg at det er dekning for å bruka omgrepet «Vossabrygg», sjølv om ikkje ølet er brygga på Voss.

- Dette er eit omgrep som det ikkje er noko vern på, slik som til dømes med «vossakorv». Grunnen til at det heiter «Vossabrygg» er fordi det smakar mot det ein kallar heimebrygg - altså den ølsmaken som vossingane vil ha. Slik som ein oppfattar at gammalt vossaøl smaka, seier han.

- Lett å ta feil
Oppe på Voss Bryggeri har Gjerde opna to flasker Staut Vossing - ei frå samarbeidet tidlegare i haust, ei som inneheld Vossakjøt sitt nye øl. Det er tid for ein liten blindtest, og Maria Straume som er ute for å handla julegåver vert fyrstemann i elden.

- Dei er faktisk veldig gode begge to. Det eine ølet har litt sterkare smak, seier ho om ølet til Voss Bryggeri.
- Eg trudde den andre var frå Voss Bryggeri òg, så det var ganske forvirrande. Det er lett å ta feil, seier ho.

Gunnar Mehl og Øystein Mehl Eide er òg ute for å kjøpa litt joleøl i siste liten, og vert presentert for dei to flaskene.

- Er ikkje desse to frå det same selskapet? Eg tenkte automatisk at begge var frå Voss Bryggeri, seier Mehl Eide.

Vil at Vossakjøt skal endra ølnamnet
Gjerde frå Voss Bryggeri seier at dei ikkje har tenkt å gjera noko med saka. Likevel har han eit ynskje om at Vossakjøt tek vekk merket «Vossabrygg» på ølet, og helst namnet «Staut Vossing» òg.

- Me vil fortsetja å laga øl som me er stolt over, og me vil ikkje at folk skal tru at me har laga noko som me ikkje har eller som me ikkje kan stå inne for, seier han.

Jacobsen frå Vossakjøt seier at han ikkje har planar om å endra noko som helst.

- Me skal ikkje endra noko namn, absolutt ikkje. Og me skal fortsetja å produsera øl som passar med våre produkt.

Tilleggsinformasjon

  • Kilde: avisa-hordaland.no
  • Forfatter Presseklipp: Ingerid Jordal / Sara Finne
  • Land: Norge
Lest 988 ganger