onsdag, 03 september 2014 19:23

Veslebror mot storebror

Bryggeribråk er ein ærefull kamp om å bli det bryggeriet i Norge som er best til å setje øl til mat. Det går enkelt føre seg i form av duellar - trerettars middagar på Håndverkerstuene i Oslo,

sju måndagar i løpet av våren og sommaren: To bryggeri set tre øl til tre rettar og vinnaren går vidare til neste omgang. Etter å ha slege ut Haandbryggeriet måndag denne veka, er Kinn Bryggeri no klare for finalen, som går 22. september. Og der møter dei ein av gigantane i bransjen: Ringnes.

 - Dette blir ikkje lett, Ringnes stiller med øl- og matbokforfattar Sigrid Strætkvern, og ho kan sine saker, seier Espen Lothe på Facebook-sida til bryggeriet. Det som ligg i potten for vinnaren av Bryggeribråket, er hovudsakleg heider og ære, pluss litt til:

 - Taparen av finalen må lage eit hyllingsbrygg til vinnaren. Og Ringnes sin minimumskapasitet er på sånn cirka 40.000 liter, så dette kan bli veldig artig, skriv Lothe.

 

 

Tilleggsinformasjon

Lest 2493 ganger